Reidar Skau vert pensjonist

Reidar med presangane sine. Foto: Signe Kristin Hovland
Reidar med presangane sine. Foto: Signe Kristin Hovland
(02.06.2017) Reidar Skau vert pensjonist
Avslutningsfest. Foto: Signe Kristin Hovland
Avslutningsfest. Foto: Signe Kristin Hovland
Det vart nyleg halde avslutningsfest for Reidar Skau på lufthavna. Reidar har jobba i over 23 år i lufthamnselskapet men har no valgt å førtidspensjonera seg.

Reidar har jobba som lufthamnbetjent og mellom anna teke del i brann- og redningstenesta på lufthamna. Han har også hatt det overordna ansvaret for drivstoffanlegget av typen JET A-1.

Vi ynskjer Reidar lukke til med pensjonisttilværelsen og håpar at han ofte tek turen utom lufthamna for ein kopp kaffi og ein god prat med gamle arbeidskollegaer.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]