Skuleelevar i arbeidsveke

Elevane om bord på redningsbåten. Foto: Kjell Kristian Hollund
Elevane om bord på redningsbåten. Foto: Kjell Kristian Hollund
(23.05.2017) Skuleelevar i arbeidsveke
Brannøving.Foto: Kjell Kristian Hollund
Brannøving.Foto: Kjell Kristian Hollund
Me har no besøk av 3 skuleelevar som har valgt å ha arbeidsveka si på Stord lufthamn.

Markus Severin Reiersen er ein 15 år år gammal gut frå Sveio. Han valgte å ha arbeidsveka si på Stord lufthamn då han er interessert i fly. På fritida driv han med kampsport og dataspel. I arbeidsveka har han vore litt i tårnet, litt på trafikkavd. og litt på brann- og redningstenesta. I dag har han vore ute med redningsbåten og fått prøvd seg som brannmann.

Ingvild Buchvold Kvalvik og Andrea Sjo Holm er også 15 år gamle og kjem frå Stord ungdomsskule. 

Dei 2 jentene valgte lufthamna som sin arbeidsplass i arbeidsveka då dei var interesserte i å sjå på kva forskjellige jobbar som var på ei lufthamn.

Dei 2 jentene fekk høve til å vera med Stordflyet på ein flytur Stord-Oslo t/r. I tillegg har dei vaska og vore på tur med redningsbåten og fått prøve seg som brannmenn. 
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]