Våghalsar på Sørstokken

Christen Eagle. Foto: Signe Kristin Hovland
Christen Eagle. Foto: Signe Kristin Hovland
(29.04.2017) Våghalsar på Sørstokken
Christen Eagle. Foto: Signe Kristin Hovland
Christen Eagle. Foto: Signe Kristin Hovland

Ein flytur i eit «småfly» kan vera utfordrande nok for mange. Når ein i tillegg skal fly opp-ned, både horisontalt, vertikalt, i loop, og gjer andre spektakulære flymanøvreringar, treng ein eit klart hovud og ikkje minst ein mage som toler det. I dag laurdag vart det arrangert acro-trening i regi av Aerobatic Club of Norway, ved lufthamna.

Heldigvis var både vêr og vindtilhøva på god-sida, og dagens acrotrening gjekk føre seg i vårsol, og til ein nærast skyfri himmel. Her vart utført utallige loopar, vertikale stup, og opp/ned-flyging i fleng. Sjølve treninga går føre seg ved å skulle følga eit visst konkurranseprogram som inneber ei bestemt rekkefølgje manøvreringar, innanføre ein box i utstrekninga 1x1km.

Av 100 acro-klubbmedlemer på landsbasis, finn me 15-20 stk med acro-utsjekk på vestlandet, fortel Ivar Dyrdal, leiar i acro-kommiteen ved Norsk Luftsportsforbund, ass.skulesjef ved Nedre Romerike flyklubb, og ansvarleg for dagens treningssamling. Ved laurdagens trening var det 7 deltakande utøvarar, då frå både Bergen Aeroklubb, Voss Flyklubb, og Nedre Romerike Flyklubb.

Å fly acro, krev ikkje berre god mage, men i høg grad kondisjon, uthald, presisjon og ikkje minst fokus på sikkerheit. -Her er strenge krav som skal trenast. Viker ein så lite som 5 grader fra ein bestemt posisjon, vert ein trekt poeng i konkurransesamanheng, fortel Dyrdal vidare, og legg til at ein alltid gjennomgår ulike sikkerheitsrutinar i briefingar, ved slik type flyging. -Dette er ingen «bajasflyging». Mange trenar acro for å delta i konkurranse, men også for å auka kunnskapen sin mht å manøvrera eit fly betre i turbulent vêr, der maskina kan komma i uvante stillingar. Ein trenar ryggmargsrefleksen, seier han.

Deltakarane ved treninga på Sørstokken, i eit aldersspenn fra 42-67 år, såg ut til å ha ein kjekk og lærerik dag: Fra Bergen Aeroklubb: Ivar Henriksen, Bjørn Eivind Halvorsen, Bjørn Harald Korsur, og Petter Strømme. Fra Voss Flyklubb: Håkon Fosso. Fra Nedre Romerike Flyklubb: Ivar Dyrdal og Bendik Johansen Me seier takk for besøket, og velkommen attende.

Tekst Signe Kristin Hovland

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]