Frekvensauke på Osloruta

Stordflyet under avgang. Foto: Thomas A. Hjelmen
Stordflyet under avgang. Foto: Thomas A. Hjelmen
(20.04.2017) Frekvensauke på Osloruta
Stordflyet aukar frekvensen på Osloruta. Frå og med 21. april d.å. vert det 12 rotasjonar pr. veke på denne ruta mot 11 i dag. Det vert no sett opp ein ekstra rotasjon på søndagar. 

Etter frekvensauken vert det altså 2 rotasjonar på fredagar og 2 på søndagar. Grunnen til frekvensauken er stor etterspørsel etter weekendturar til Oslo. 

Fredag går det fly frå Stord kl. 14.00 og kl. 17.15. Frå Oslo går det fly kl. 15.30 og kl. 18.45.

Søndag går det fly frå Stord kl. 13.30 og kl. 16.30. Frå Oslo går det fly kl. 15.00 og kl. 18.00.

Bestill din flybillett her
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]