Skuleelev i jobb på lufthamna

Rohullah på jobb. Foto: Magnhild Agdestein
Rohullah på jobb. Foto: Magnhild Agdestein
(08.02.2017) Skuleelev i jobb på lufthamna

Rohullah Omarkhail er 18 år og har budd i Noreg i snart fem år. Han snakkar godt norsk og engelsk. Han kjem frå Afghanistan og kom til Noreg som einsleg mindreårig. Rohullah går for tida på Bømlo vidaregående skule, ved salg og service linja.

Han har etter kvart planer om å utdanna seg til å kunna jobba ved ei lufthamn. Han tykkjer det er ganske spannande å jobba på Stord lufthamn. Her møter han mange folk frå ulike kulturar, noko han set stor pris på.   

Han skal ha praksis på lufthamna i 3 veker. No har det gått berre 3 dagar og eg har lært mykje om dei forskjellige arbeidsoppgåvene på lufthamna. Kollegaene mine lærer meg korleis eg skal snakka med folk og korleis ein tek i mot kundar, kva hjelp dei treng, salg av varer, security, vasking, billett bestilling og innsjekking av passasjerar og bagasje. 

Eg har alt lært mykje, men det er enno mykje igjen å læra.

Eg er veldig glad for å få lov til å jobba her. Alt som eg lærer meg på lufthamna vil komma til god nytte når eg søkjer lærlingplass. Det er alltid godt med litt erfaring.     

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]