Nedgong i talet på reisande over Stord lufthamn i 2016

Stordflyet under avgang. Foto: Thomas A. Hjelmen
Stordflyet under avgang. Foto: Thomas A. Hjelmen
(21.01.2017) Nedgong i talet på reisande over Stord lufthamn i 2016
42.831 personar reiste over Stord lufthamn i 2016. Samanlikna med 2015 utgjer dette ein nedgong på 4.986 reisande eller 10,4%.

25.723 av dei reisande nytta Stordflyet til/frå Oslo, medan 17.108 reiste med charterfly over lufthamna. Flesteparten av charterpassasjerane nytta Kværner Stord sitt charterfly til/frå Molde.

Osloruta hadde ein nedgong i passasjertal på 12.786 eller 33,2% samanlikna med 2015. JETPAK har sendt 12.604 kg flyfrakt over lufthamna i 2016.

Det er i 2016 registrert 9.249 flyrørsler i luftrommet til lufttrafikktenesta på Stord lufthamn. Samanlikna med 2015 utgjer dette ein auke på 705 flyrørsler eller 8,3%.

Utfordringa til lufthamnselskapet i 2017 vert å oppretthalda ein god ruteplan på Osloruta samt å jobba for nye charterflygingar no som Kværner Stord si charterflyging til/frå Molde vert trappa ned.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]