Positiv trafikkutvikling i november

Stordflyet. Foto: Jan Morten Myklebust
Stordflyet. Foto: Jan Morten Myklebust
(07.12.2016) Positiv trafikkutvikling i november
I november reiste 3.938 personar med fly over Stord lufthamn. Samanlikna med føregåande månad er dette ein auke på 373 personar eller 10,5%.

2.512 personar reiste med Stordflyet til/frå Oslo medan 1.426 reiste med Widerøe sine charterfly til/frå Molde.   

Pr. november i år har det reist 39.594 personar med fly over lufthamna. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein nedgong i talet på reisande på 4.464 personar eller 10,1%.

Lufttrafikktenesta har pr. november i år registrert 8.959 flyrørsler i luftrommet sitt. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 735 flyrørsler eller 8,9%.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]