Ny brannbil

Brannstasjon og ny brannbil. Foto: Thomas A. Hjelmen
Brannstasjon og ny brannbil. Foto: Thomas A. Hjelmen
(21.10.2016) Ny brannbil
Testing av kanon. Foto: Aleksander G. Skjelsvik
Testing av kanon. Foto: Aleksander G. Skjelsvik
Ny brannbil. Foto: Aleksander G. Skjelsvik
Ny brannbil. Foto: Aleksander G. Skjelsvik

Stord lufthamn fekk torsdag på plass ein ny brannbil av typen Rosenbauer Buffalo. Bilen vart levert av Egenes Brannteknikk AS i Flekkefjord og er ein flyplassbrannbil med Scania chassis og Rosenbauer påbygg. 

I dag fredag fekk samtlege brannmenn på lufthamna opplæring på bilen, som har ein prislapp på like over kr 4 millionar, finansiert gjennom ein leasingavtale.

I skrivande stund står det no 3 brannbilar på Sørstokken, men den raude bilen til høgre i det øvste bildet blir no erstatta av den nye bilen. Forutan å oppretthalda beredskapen på lufthamna, kan bilane på førespørsel òg bistå det kommunale brannvernet på oppdrag utanfor flyplassen.

[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]