Positiv trafikkutvikling i september

Bra belegg på Stordflyet. Foto: Therese Myrvold
Bra belegg på Stordflyet. Foto: Therese Myrvold
(11.10.2016) Positiv trafikkutvikling i september
I september reiste det 4.137 personar over lufthamna. Samanlikna med august månad i år er dette ein auke på 690 personar eller 20%. 2.543 personar har nytta rutefly til/frå Oslo medan 1.594 har reist med Kværner Stord sine charterfly til/frå Molde. 

Dersom ein ser på antal reisande dei 9 fyrste månadane i år, så har det reist 32.091 personar over Stord lufthamn. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein nedgong på 3.685 personar eller 10,3%. Nedgongen i talet på reisande skuldast lite aktivitet i lokalt næringsliv samt at Stordflyet har redusert antal avgangar til Oslo.

Lufttrafikktenesta har dei 9 fyrste månadane i år registrert 7.197 flyrørsler i luftrommet sitt. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 151 flyrørsler eller 2,1%.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]