Ny brannbil

Ny brannbil. Foto: Aleksander G. Skjelsvik
Ny brannbil. Foto: Aleksander G. Skjelsvik
(22.09.2016) Ny brannbil
Stord lufthamn har tinga ny brannbil av typen Rosenbauer Buffalo. Det er firmaet Egenes Brannteknikk AS i Flekkefjord som skal levera den nye brannbilen.

Bilen er ein flyplassbrannbil med Scania chassis og Rosenbauer påbygg. Bilen kostar like over kr 4 mill og vert finansiert gjennom ein leasingavtale. Bilen vert levert Stord lufthamn i oktober 2016.

Når den nye bilen vert levert vil lufthamna ha 2 nye brannbilar i beredskapen sin. Bilane kan på førespørsel også bistå det kommunale brannvernet på oppdrag utanfor lufthamna.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]