Positiv trafikkutvikling

Stordflyet under avgang på bane 32. Foto: Thomas A. Hjelmen
Stordflyet under avgang på bane 32. Foto: Thomas A. Hjelmen
(06.09.2016) Positiv trafikkutvikling
I august reiste det 3.447 personar over lufthamna. Samanlikna med forrige månad i år er dette ein auke på 499 personar eller 16,9%. 1.998 personar har nytta rutefly til/frå Oslo medan 1.449 har reist med Kværner Stord sine charterfly til/frå Molde. 

Dersom ein ser på antal reisande dei 8 fyrste månadane i år, så har det reist 27.954 personar over Stord lufthamn. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein nedgong på 3.425 reisande eller 10,9%. Nedgongen i talet på reisande skuldast lite aktivitet i lokalt næringsliv samt at Stordflyet hadde redusert antal avgangar til Oslo i ferien.

Lufttrafikktenesta har dei 8 fyrste månadane i år registrert 6.340 flyrørsler i luftrommet sitt. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 397 flyrørsler eller 6,7%.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]