Fleire reisande over lufthamna i juli

Stordflyet og Widerøe. Foto: Jan Morten Myklebust
Stordflyet og Widerøe. Foto: Jan Morten Myklebust
(01.08.2016) Fleire reisande over lufthamna i juli
I juli reiste det 2.948 personar over lufthamna. Samanlikna med samme månad i fjor er dette ein auke på 523 personar eller 21,6%. 1.686 personar har nytta rutefly til/frå Oslo medan 1.262 har reist med Kværner Stord sine charterfly til/frå Molde. 

Dersom ein ser på antal reisande dei 7 fyrste månadane i år, så har det reist 24.504 personar over Stord lufthamn. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein nedgong på 3.406 reisande eller 12,2%. Nedgongen i talet på reisande skuldast lite aktivitet i lokalt næringsliv samt at Stordflyet har redusert antal avgangar til Oslo.

Lufttrafikktenesta har dei 7 fyrste månadane i år registrert 5.641 flyrørsler i luftrommet sitt. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 605 flyrørsler eller 12%.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]