Fartstest på Stord lufthamn

Bellytank. Foto: Thomas A. Hjelmen
Bellytank. Foto: Thomas A. Hjelmen
(21.07.2016) Fartstest på Stord lufthamn

Det er ikkje berre fly som rasar over rullebanen på Stord lufthamn. Flyplassen lånte i dag ut rullebanen til Jan Kåre Tørresdal, og hans noko spesielle kjøyretøy.

Bilen er ein heimelaga Bellytank racer med 520 hestekrefter, og dei fleste av desse hestane slapp seg laus under prøvekjøringa på lufthamna. På dei raskaste turane vart det og nytta bremseskjerm.  

Planen er å ein dag kjøyra bilen på dei kjende Bonneville salt flats i USA.
 
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]