Nedgong i talet på reisande over lufthamna

Stordflyet under avgang. Foto: Thomas A. Hjelmen
Stordflyet under avgang. Foto: Thomas A. Hjelmen
(06.06.2016) Nedgong i talet på reisande over lufthamna
I mai reiste det 3.476 personar over lufthamna. Samanlikna med samme månad i fjor er dette ein nedgong på 889 personar eller 20,4%. 1.863 personar har nytta rutefly til/frå Oslo medan 1.613 har reist med Kværner Stord sine charterfly til/frå Molde. Grunnen til den negative trafikkutviklinga i mai skuldast eit redusert flyprogram grunna mange helgedagar. Ei anna årsak er at det er lite aktivitet i den lokale offshoreindustrien.

Dersom ein ser på antal reisande dei 5 fyrste månadane i år, så har det reist 17.930 personar over Stord lufthamn. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein nedgong på 2.357 personar eller 11,6%.

Lufttrafikktenesta har dei 5 fyrste månadane i år registrert 4.127 flyrørsler i luftrommet sitt. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 1.384 flyrørsler eller 50,5%.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]