Nedgong i talet på reisande

(04.04.2016) Nedgong i talet på reisande
I mars reiste det 4.030 personar over lufthamna. Samanlikna med samme månad i fjor er dette ein nedgong på 560 personar eller 12,2%. 2.400 personar har nytta rutefly til/frå Oslo medan 1.630 har reist med Kværner Stord sine charterfly til/frå Molde. Grunnen til den negative trafikkutviklinga i mars skuldast eit redusert flyprogram grunna påskehelga. 

Dersom ein ser på antal reisande dei 3 fyrste månadane i år, så har det reist 11.042 personar over Stord lufthamn. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein nedgong på 855 personar eller 7,2%.

Vi forventar ei positiv trafikkutvikling i tida som kjem.

Lufttrafikktenesta har dei 3 fyrste månadane i år registrert 1.794 flyrørsler i luftrommet sitt. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 337 flyrørsler eller 23,1%.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]