Nedgong i talet på reisande over Stord lufthamn i februar

Stordflyet. Foto: Thomas A. Hjelmen
Stordflyet. Foto: Thomas A. Hjelmen
(05.03.2016) Nedgong i talet på reisande over Stord lufthamn i februar
Widerøe. Foto: Thomas A. Hjelmen
Widerøe. Foto: Thomas A. Hjelmen
I februar reiste det 3.431 personar over lufthamna. Samanlikna med samme månad i fjor er dette ein nedgong på 528 personar eller 13,3%. 2.068 personar har nytta rutefly til/frå Oslo medan 1.363 har reist med Kværner Stord sine charterfly til/frå Molde. Grunnen til den negative trafikkutviklinga i februar skuldast at Stordflyet hadde eit redusert flyprogram i 2 veker grunna vinterferie.

Dersom ein ser på antal reisande dei 2 fyrste månadane i år, så har det reist 7.012 personar over Stord lufthamn. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein nedgong på 295 personar eller 4%.

Vi forventar ei positiv trafikkutvikling i tida som kjem.

Lufttrafikktenesta har dei 2 fyrste månadane i år registrert 903 flyrørsler i luftrommet sitt. Samanlikna med samme periode i fjor utgjer dette ein auke på 209 flyrørsler eller 30%.
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]