Trafikkvekst på 7% i januar

Widerøes Dash 8-300. Foto: Thomas A. Hjelmen
Widerøes Dash 8-300. Foto: Thomas A. Hjelmen
(10.02.2016) Trafikkvekst på 7% i januar
I januar reiste 3.581 personar over lufthamna. Dette er ein auke på 233 personar eller 7% samanlikna med samme månad i fjor. Ein merkar ein nedgong i talet på reisande på Osloruta, medan talet på reisande med Kværner Stord sine charterfly til Molde er aukande.

JETPAK registrerte 1.206 kg flyfrakt over lufthamna i januar.

Lufttrafikktenesta registrerte 384 flyrørsler i luftrommet sitt i januar. Dette er ein auke på 109 flyrørsler eller 39,6% samanlikna med samme månad i fjor.

Ein forventer at den positive trafikkutviklinga vil halda fram den næraste tida. Signal frå Kværner Stord går ut på at det vert ytterlegare frekvensauke på Widerøes sine charterflygingar til Molde.   
[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]