Passasjervekst på 25% på Stord lufthamn i 2015

Widerøe og DAT sine fly parkerte på lufthamna. Foto: Jan Morten Myklebust
Widerøe og DAT sine fly parkerte på lufthamna. Foto: Jan Morten Myklebust
(04.01.2016) Passasjervekst på 25% på Stord lufthamn i 2015
47.817 passasjerar reiste over Stord lufthamn i 2015. Samanlikna med 2014 utgjer dette ein auke på 9.568 passasjerar eller 25%. Stord lufthamn er såleis den lufthamna i Noreg som kan visa til den største prosentvise passasjerauken. 38.509 personar nytta Stordflyet til/frå Oslo medan 9.269 personar nytta seg av charterfly. Flesteparten av charterpassasjerane nytta seg av Widerøe sine charterfly til/frå Molde.

Osloruta hadde ein auke på 4.247 reisande eller 12,4% samanlikna med 2014. JETPAK har sendt 7.849 kilo med frakt over lufthamna i 2015.

Også talet på flyrørsler aukar. I 2015 registrerte lufttrafikktenesta 8.544 flyrørsler i luftrommet sitt. Dette er ein auke på 430 flyrørsler eller 5,3% samanlikna med 2014.

Lufthamnselskapet utvida i 2015 parkeringsplassen for bilar. 50 nye parkeringsplassar er no teken i bruk.

Ein har vidare starta planarbeidet for ei utviding av terminalbygget. Grunna den positive trafikkutviklinga på lufthamna har terminalbygget no vorte for lite. 

Utfordringa i 2016 er å oppretthalda ein god ruteplan på Osloruta samt å jobba for ein auke i chartertrafikken.  



[ Gå til nyhetsoversikt ]

[ Gå til nyhetsarkiv ]